Vedtekter

Følgende vedtekter holder ikke helt mål med hvordan laget i dag drives, og ligger derfor til revidering.

LOVER FOR SYLTE OG MALME UNGDOMSLAG

Frå protokollen januar 1971.

§ 1

Sylte og Malme ungdomslag er eit frilyndt lag som har til oppgåve å samle ungdomar i Sylte og Malme krinsar til arbeid for folkeleg opplysning på fullnorsk grunn og til samvær og hugnad i venelag.

§ 2

Laget er innmeldt i Romsdal Ungdomssamlag.

§3

Alle som vil fremja føremålet åt laget og legg dei årspengane årsmøtet fastsett kan bli lagsfolk.

§4

Arbeidsåret blir rekna frå 1. Desember til 30. November.

§5

Årsmøtet skal vera første sundag i desember og må vera godt kunngjort med oppslag og på vanleg måte minst 14 dagar føreår. Årsmøtet vel formann og eit styre på 6 medlemar, 4 gutar og 2 jenter og 4 varamenn til styret. Får ingen minst halvparten av røystene ved formannvalet, skal det vera omval. Den blir då valt som får flest røyster. Dei andre styremedlemane står på val skiftvis tre og tre. Fyrste gongen det blir styrevalg etter denne regelen, eller når det er tvistemål om kven som står på val, skal det vera loddtrekning. Årsmøtet vel 2 ettersynsmenn for kassa og dei nemnder og tillitsmenn som laget gjer vedtak om å ha.

§6

Styret vel seg i mellom varaformann, skrivar, kassastyrar og eit husstyremedlem- Det står for arbeidet i laget. Pengeløyvingar utanom den vanlege lagsdriften må laget avgjera. Styret tek i mot og avgjer innmeldingar i laget. Det er vedtak først først når 4 styremedlemer er til stades. Det føres ei møtebok for styremøter, styrevedtak, lagsmøter og lagsvedtak. Det legg fram for årsmøtet melding om arbeidet i det framfarne året og ettersedd rekneskap. Styret legg fram arbeidsplan for det nye arbeidsåret og byter det daglege arbeidet seg imellom som det høver.

§7

Vanlege møter blir haldne kvar 14. dag eller så ofte styret finn det tenleg. På møta skal det vera foredrag, ordskifte, opplesing, song, leik og elles det styret finn høveleg og som er i samsvar med arbeidsprogrammet åt Noregs Ungdomslag.

§8

Røysterett på lagsmøta har alla lagsfolk som har lagt årspengar. På årsmøtet har det røysterett som vert innmelde på årsmøtet. Vanlege lagssaker vert avgjorde med røyster fleirtal av dei som møter. Står røystene likt er formannan si røyst avgjerande.

§9

Blir laget lagt ned eller skifter føremål så det ikkje lenger kan stå i Noregs Ungdomslag skal styret i fylkeslaget ta var på midelen til det blir skipa eit nytt lag som fylkeslaget godkjenner. Avgjerda åt fylkeslaget kan laget anka inn for årsmøtet i Noregs Ungdomslag. Årsmøtet gjer bindande vedtak i saka og avgjer om laget skal seiast å vere lagt ned eller om det kan skifta føremål. Går det 15 år frå midelen er overteken og laget ikkje er kome i gang att, eller det ikkje er skipa nytt godkjent lag skal samskipnaden som styrer midlene, nytta han til kulturelle føremål som kjem staden til gode. Utgiftene med styringa skal berast av midelen. Ungdomshuset og anna fast lagseige kan ikkje avhendast eller eligast bort på åremål utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

§10

Framlegg om leige i denne lova skal vera kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet, Årsmøtet kan då vedta brigdet med 2/3 røystefleirtal av dei som møter. Brigde i punkt 2 og 9 må godkjennast av fylkeslaget.